Huxley vart med i gruppa i 1958 og spelte på alle hittane deira, som «Glad All Over» og «Bits and Pieces». Han var det einaste bandmedlemmet som ikkje var låtskrivar. Etter gruppa vart oppløyst i 1970 byrja Huxley som eigedomsutviklar, men hadde framleis ein fot i musikkindustrien.[4] I mars 2008 vart han innlemma i Rock and Roll Hall of Fame som medlem av bandet.[5]
Huxley døydde 11. februar 2013, 72 år gammal, etter å ha vore sjuk med emfysem i nokre år.[4][6] Kona hans, Anne, hadde døydd året før.
A Session with The Dave Clark Five ·Catch Us If You Can ·Everybody Knows ·5 by 5 = GO! ·If Somebody Loves You ·Good Old Rock n' Roll ·Dave Clark and Friends