Regjeringa Hornsrud

Regjeringa Hornsrud var ei norsk regjering som styrte frå 28. januar til 15. februar 1928. Regjeringa vart leia av Christopher Hornsrud frå Det norske Arbeidarpartiet.

Arbeidarpartiet hadde stor framgang ved stortingsvalet 1927. Regjeringa Lykke søkte avskil 13. januar 1928, og tilrådde Kong Haakon VII å be Bondepartiet sin Johan E. Mellbye forsøke å få danna regjering. Dette forsøket stranda på motvilje frå Venstre. Kongen tok så kontakt med presidentskapen i Stortinget. Kongen fekk der motstridande råd, men visepresident Chr. Hornsrud meinte at Kongen burde vende seg til partiet som hadde vunne valet. Dette rådet tok Kongen til følgje - og dette vart han deretter kraftig kritisert frå borgarleg side. Arbeidarpartiet vedtok å ta på seg oppdraget, og bad Johan Nygaardsvold danne regjering. Men han nekta plent å ta på seg oppdraget som statsminister.

Det vart dermed Chr. Hornsrud som tok på seg oppdraget og danna regjering. I Arbeidarpartiet var det stor skepsis til å danne regjering, og svært mange ynskte ikkje å gå i fotspora til dei danske, svenske, finske og britiske sosialdemokratane, som hadde blitt med i koalisjonsregjeringar eller danna mindretalsregjeringar og styrt innanfor dei rammene som fleirtalet i nasjonalforsamlinga tillét - såkalla ministersosialisme.

Det vart dermed skrive ei regjeringsfråsegn som sa at regjeringa ville la seg leie av arbeidarklassen og interessene til heile det arbeidande folket, og at ho emna på å lette og førebu overgangen til eit sosialistisk samfunn.

Regjeringa vart i utgangspunktet møtt med stor skepsis, og det hadde vore uro i finansmarknaden etter det gode valet til Arbeidarpartiet. Dette gjekk over til panikk etter at Arbeidarpartiet avviste ei garantiordning for bankar som sjefen for Noregs bank, Nicolai Rygg, hadde lansert. Nikolai Rygg skal deretter på direkte spørsmål ha svart at det var nødvendig at regjeringa vart felt. Regjeringsfråsegna vart dermed møtt med eit mistillitsframlegg til regjeringa i Stortinget. Mistillitsframlegget fekk fleirtal, og regjeringa måtte gå av. Johan Ludwig Mowinckel danna så ei ny borgarleg regjering.

Med berre 18 dagar er dette den norske regjeringa som har sete kortast tid.

Regjeringsmedlemmer:

Kjelder