Región de Magallanes y de Antártica Chilena er den sørlegaste av dei seksten regionane i Chile.
Geografi
Regionen strekkjer seg sørover frå det sørlege Fastlands-Chile, dekkjer heile den chilenske delen av Eldlandet i tillegg til Chilensk Antarktis, det chilenske kravområdet på kontinentet. Han er delt inn i fire provinsar: Última Esperanza, Magallanes, Tierra del Fuego og Antártica Chilena.
Regionen har det nest lågaste folketalet av alle regionane i Chile, men har det største flatemålet. Chilensk Antarktis er då ikkje inkludert.
Kjelder
Bakgrunnsstoff