Laura Jeanne Reese Witherspoon (fødd 22. mars1976), betre kjend som Reese Witherspoon, er ein USA-amerikansk skodespelar og filmprodusent. I 1998 spela ho i tre større filmar: Overnight Delivery, Pleasantville og Twilight. Det påfølgjande året spela Witherspoon i den kritikarrosa Election, som ho vart nominert til Golden Globe for. 2001 vart eit vendepunkt i karrieren hennar, med gjennombrotsrolla som «Elle Woods» i kinosuksessen Legally Blonde, og i 2002 spela ho hovudrolla i Sweet Home Alabama, som vart den største kommersielle suksessen i karrieren hennar så langt. I 2003 vende ho tilbake som hovudrolleinnehavar og produksjonsleiar for Legally Blonde 2: Red, White & Blonde. I 2005 fekk Witherspoon merksemd og ros verda over, då ho spela June Carter Cash i Walk the Line, som ho fekk Oscar, Golden Globe, BAFTA og Screen Actors Guild Award for «Beste kvinnelege hovudrolle» for.
Witherspoon gifta seg med skodespelar og medspelar i Cruel Intentions, Ryan Phillippe, i 1999. Dei har to ungar saman, Ava og Deacon. Paret vart separert mot slutten av 2006 og dei skilde seg i oktober 2007.
Witherspoon eig eit produksjonsselskap, Type A Films, og ho har involvert seg aktivt i organisasjonar som kjempar for rettane til kvinner og barn. Ho sit i styret i Children’s Defense Fund (CDF) og vart globalambassadør for Avon Products i 2007, då ho var æresleiar for velgjerdsorganisasjonen Avon Foundation.