Recife er ein by og ein kommune med om lag 1,6 millionar ibuarar i det nordaustlege Brasil, og er hovudstad i delstaten Pernambuco. Heila storbyområdet har ikring 3,9 millionar ibuarar. Hamnebyen Recife ligg ved Atlanterhavet og er ein av dei austlegaste byane i Sør-Amerika, einast João Pessoa ligg litt lenger aust.
Soge
Recife var grunnlagd av portugisiske kolonisatorar i 1537 og fekk byretta i 1823. Dyrking av sukkerrøyr var den viktigaste næring i området rundt Recife og den nærliggjande byen Olinda. Den lettrafikerte hamna i Recife førte til at byen etter kvart vart den mektigaste i regionen.