Ravensburg er ein by og ein kommune søraust i forbundslandet Baden-Württemberg i Tyskland. Kommunen dekker 92,1 km² og hadde 50 928 ibuarar i 2021. Byen ligg 450 meter over havet i eit dalføre, 17 km nord om Bodensjøen.
Byen er krinssete for Landkreis Ravensburg.
Byen Ravensburg er særleg kjent for brett- og puslespel-firmaet Ravensburger AG.