I tillegg til Lesjaskogsvatnet får Rauma vatn frå sideelvane Grøna, Ulvåa, Vermåa og Istra i tillegg til eit utal små bekker, som ein ser når ein køyrer nedover Romsdalen.
Nedslagsfeltet for Rauma med Istra er på 1206,17 km² med ei middelavrenning på 36,80 l/s/km² og middelvassføring på 44,387 m³/s ved utløpet.
Etter utbygginga av Mardøla blir dette vatnet ført over til Rauma gjennom Grytten kraftstasjon.
Ein del av sidebekkene har spektakulære fossefall når det er god vassføring. Mellom desse er
Vermafossen, Døntefossen, Gravdefossen, Brudesløret og Mongefossen. Dei to siste er regulerte, men har vassføring ein del av sumaren.
Vermafossen har eigen kraftstasjon.
Laksefiske
Elva er ei av Noregs best kjende lakseelvar. Laksen går opp til Kyllingfossen, om lag 42 km frå sjøen. Rauma vart i 1980 infisert av lakseparasitten Gyrodactylus salaris. På grunn av infiseringa vart elva ei av dei fyrste i Noreg rotenonhandsama og fram til 2001 var det berre lov å fange stamfisk til settefiskanlegget på Herje. Frå sesongen 2001 vart det opna for fiske. Ved elva ligg det fleire kjende laksegardar, mellom dei Fiva og Horgheim.
I tidlegare tider fanga ein laks ved hjelp av teiner i elva.
Deltaet
Deltaet ved Veblungnes er eit av dei største på Vestlandet, men er i dag heilt bygd ned og gjort om til industriområde. Berre ein liten del av vestsida er urørt.