Radio New Zealand (maori Te Reo Irirangi o Aotearoa) er ein allmennkringkastar av radio på New Zealand. Den noverande organisasjonen blei skipa som ein Crown entity (statleg organisasjon) i 1995.[1]
Kanalar
Hovudkanalen Radio New Zealand National når nesten kvar innbyggjar i New Zealand, og blir send døgnet rundt. Kanalen omfattar nyheiter, samfunns- og kulturstoff, medrekna drama og musikk. Hovudspråket er engelsk, men nokre av sendingane er på maori.[1]
Radio New Zealand International (RNZI) sender nyheiter og informasjon på kortbølgje i Sørstillehavet.[1]