Psalmebog for Kirke og Hus, mest kjend som Hauges Salmebok, var utarbeidd av Andreas Hauge og vart den 11. oktober1873 autorisert for bruk ved offentleg gudsteneste i Noreg der kyrkjelyden gjorde vedtak om det.
Salmeboka var konservativ både i salmeval og språkbruk, og i konkurranse med Landstads salmebok fekk ho aldri noka særleg utbreiing — i 1904 hadde 90 av dei 965 kyrkjesokna i Noreg gjort vedtak om å nytte Hauges Salmebok.
Andreas Hauge gav ut eit utkast til salmeboka i 1863.[1]