Provinsen Vibo Valentia (italiensk Provincia di Vibo Valentia) er ein provins i regionen Calabria i Italia. Hovudstaden er byen Vibo Valentia. Han har eit areal på 1 139 km² (7,6 % av det totale arealet til Calabria) og totalt 168 894 innbyggjarar (2005). Det er 50 kommunar i provinsen.
Provinsen vart først vedtatt 6. mars 1992 og oppretta 1. januar 1996. Han var tidlegare ein del av provinsen Catanzaro.
Største kommunane
Stand: 31. mai 2005
Kommune
|
Folketal
|
Vibo Valentia
|
33 854
|
Pizzo
|
8 939
|
Mileto
|
7 035
|
Serra San Bruno
|
6 958
|
Tropea
|
6 920
|
Nicotera
|
6 608
|
Filadelfia
|
5 874
|
Kjelder
Bakgrunnsstoff