Pithiviers er ein by og kommune sentralt i Frankrike. Han er sous-préfecture (underprefektur) i departementet Loiret i regionen Centre og har om lag 9 000 innbyggjarar.
Tidlуg under den andre verdskrigen oppretta franskmenna ein fangeleir her med tanke på eventuelle tyske krigsfangar. Etter det franske nederlaget i 1940 omgjorde Vichy-regimet leiren til ein transittleir. Frå denne leiren og ein annan leir i Beaune-la-Rolande vart om lag 18 000 franske jødar deportert til Auschwitz. Frå oktober 1943 vart leiren til ein konsentrasjonsleir for politiske fangar.