I 1939 var Polen underlagt «Det tredje riket», som Tyskland då kalla seg. Tyskarane tok til å drøfta ein ny fangeleir, med grunngjevinga at fengselet i Schleisen var overfylt. Den polske byen Oświęcim var eit sentralt jernbaneknutepunkt, og dessutan budde det få folk her. Tyskarane tok over ein liten militærleir som blei gjort om til fangeleir i 1940. Dei brukte det tyske namnet på Oświęcim, Auschwitz, og gav leiren det offisielle namnet KL Auschwitz I. Seinare bygde dei Auschwitz II (Birkenau) på andre sida av byen, og Auschwitz III (Monowitz), ein arbeidsleir.
Da toga med menneske kom til Auschwitz, blei dei skilde i ein prosess kalla seleksjonen. Arbeidsføre blei sende til slaveleirane i komplekset, mens eldre, småbarn og mødrene deira blei sende rett i gasskammera i utryddingsleiren. Nokre barn blei oppbevart for å brukast til «medisinske eksperiment». Også i slaveleirane var mishandlinga av menneska så ekstrem at overlevingstida berre var eit par månader i snitt.
Mellom 1 og 1,5 millionar menneske blei drepne i Auschwitz, dei fleste jødar frå mange land, mellom dei Noreg, men og sigøynarar, politiske fangar frå Polen og andre land, og krigsfangar frå den sovjetiske hæren.
Om lag 7000 overlevande fangar i Auschwitz blei frigjorde av sovjetiske soldatar frå Den Raude Armeen den 27. januar1945. Dette er sidan blitt den internasjonale Holocaustdagen.
Konsentrasjonsleiren vart i 1979 teke med på UNESCO si liste over verdsarv.
Bakgrunnsstoff
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Auschwitz