Bandmedlemmane var sjølv produsentar og spelte inn albumet i Paragon Studios i Chicago med lydteknikaren Barry Mraz. Albumet vart miksa av Rob Kingsland. «I'm O.K.» vart spelt inn i Paragon og St. James Cathedral. Dette var det siste albumet av fleire dei spelte inn i Paragon Studios.
Plateomslaget vart laga av Hipgnosis. DeYoung sa i eit intervju i 1991 med Redbeard at han i starten hata omslaget, men kom til å like det etter kvart som han vart eldre.
Bakgrunn
Somme[1][2] reknar albumet som eit konseptalbum og ei av dei viktigaste av dei meir progressiv rock-prega albuma til Styx. Temaet på albumet var i følgje Dennis DeYoung «å ikkje gje opp draumane sine berre for å følgje pengar og materielle godar».
Mike DeGagne i AllMusic gav albumet god omtale og sa at songane på albumet «gjekk attende til den tidlegare progressive rockestilen til Styx, men var noko reinare.»[3]Rolling Stone-skribenten Lester Bangs var meir kritisk til albumet og sa at «Det som er verkeleg interessant er ikkje at slikt narsissistisk kliss vert spelt inn, men kva som skjer i hovudet på alle dei som likar dette. Galle, nerve og ego har aldri vert langt unna god rock & roll. Likevel er det ei tynn, men viktig linje mellom dei kvalitetane og kva som skal til for å fylle ein arena i dag: rein sjølvnyting på sitt mest barnslege nivå. Om dette er meistrane, gje meg heller krøplingane.»[5]
Albumet nådde sjetteplassen på Billboard-lista, og som føregangaren selde det over tre millionar eksemplar i USA.[7]
↑Moseley, Willey (13. november 2010). «Concert Review: The Grand Illusion/Pieces of Eight Tour - Atlanta, GA». Arkivert frå originalen 3. juli 2011. Henta 5. juni 2020. «Moreo ver, the choice of 1977's The Grand Illusion and 1978's Pieces of Eight probably didn't come as any surprise, either—those two releases were STYX's first Triple Platinum albums.»horizontal tab character in |quote= at position 6 (hjelp)