Pickering er ein gammal marknadsby i grevskapet North Yorkshire i England. Han har kring 7000 innbyggjarar og ligg på grensa til North York Moors nasjonalpark. I følgje ei segn vart byen grunnlagd av ein viss kong Peredurus kring 270 f.Kr., men byen som han er i dag vart grunnlagd i mellomalderen.
Av attraksjonar i byen finn ein Pickering Castle, North Yorkshire Moors-jernbanen og Beck Isle Museum. Nærliggande stader er Malton, Norton og Scarborough.
Kjelder