Pianokonsert nr. 9 «Jeunehomme» i Ess-dur, K. 271, av Wolfgang Amadeus Mozart vart skriven i Salzburg i 1777, då Mozart var 21 år gammal.
Verket har lenge vore kjend som «Jeunehomme-konserten». Det vart sagt at Mozart skreiv stykket for den franske pianisten Jeunehomme då ho vitja Salzburg. Musikkvitarane har derimot ikkje klart å identifisere kvinna som han skreiv stykket for. I nyare tid har Michael Lorenz hevda at kvinna var Victoire Jenamy (1749-1812), dottera til Jean-Georges Noverre, ein kjend dansar som var ein av dei beste venene til Mozart.[1]
Kritikarane talar ofte varmt om dette verket. Charles Rosen har kalla det «kanskje det første utvetydige meisterverket i klassisismen».[2]Alfred Brendel har kalla det «eit av dei store underverka i verda». Alfred Einstein kalla det «Mozarts Eroica».
Kjelder
↑Michael Lorenz, "»Mademoiselle Jeunehomme« Zur Lösung eines Mozart-Rätsels", Mozart Experiment Aufklärung, (Essays for the Mozart Exhibition 2006) Da Ponte Institut, Wien 2006, s. 423-29.