Per Ljostveit (21. oktober 1928–17. mai 1990) var ein norsk fotballspelar som spelte på Larvik Turn som var med å vinne hovudseriefinalen i 1955 og i 1956.
Ljostveit var indreløpar på Larvik Turn sitt sterke lag midt på 1950-talet. Saman med dei andre i Turns indretrio i løparrekka, Gunnar Thoresen og Reidar Sundby, danna dei laget sin beste lagdel. Dei var mellom anna særleg avgjerande då Larvik Turn vann 3-2 over Fredrikstad FK i hovudseriefinalen 3. juni 1956, der Ljostveit skåra to av måla og vart matchvinnar. Derimot makta dei ikkje å hindre tap mot Skeid i NM-finalen 1956, på Ljostveit sin bursdag.
Frå 30. mai 1954 til 30. mai 1956 spelte Ljostveit sju landskampar for Noreg. Hans einaste landslagsmål kom då han utlikna til 1-1 mot Danmark i Malmö 4. juni 1954, ein landskamp i det svenske fotballforbundet si 50-års jubileumsturnering, eit oppgjer som elles enda med norsk siger 2-1 etter ekstraomgangar.
Kjelder