Larvik Turn & Idrettsforening er eit idrettslag i Larvik, stifta i 1865. Laget har i 2015 aktive avdelingar i idrettane bryting, fotball, friidrett, handball og turn. Larvik Turn har klubbhus ved og spelar fotballkampane på Lovisenlund idrettsplass.
Fotballgruppa i Larvik Turn kunne nokre sesongar på 1950-talet vise fram eit av dei beste fotballaga i Noreg. Både i 1953, 1955 og 1956 vart klubben kåra til sereimeister i Noreg, etter siger 3-2 over Skeid og sigrar 4-2 og til sist 3-2 over Fredrikstad Fotballklubb. I 1956 spelte Larvik Turn cupfinale mot Skeid, der det vart tap 1-2 på Ullevaal stadion. Gunnar Thoresen, Reidar Sundby og Harry Boye Karlsen var dei store spelarane desse åra på 1950-talet.