Pelle Politibil er ein oppdikta snakkande politibil. Han har form som ei svart og kvit folkevognboble med auge på frontlyktene. Det finst fleire radio- og fjernsynsprogram og filmar om han. Figuren blei opphavleg skapt av politimannenÅge Magnussen i Bodø på midten av 1980-talet som eit ledd i trafikktryggingsarbeidet for barn.
Pelle Politibil hadde sin første opptreden i Barnetimen for de minste på NRK radio i 1986. Figuren var med i tre sesongar på radio og to bokutgjevingar.
Fjernsynsserien om bilen gjekk på NRK frå 1993. Serien er regissert av Svein Aronsen. Skaparen av Pelle Politibil, Åge Magnussen spelar rolla som politimannen «Onkel Rikhard», og Lars Andreas Larsen er forteljar og har stemma til Pelle.[1] Songen om Pelle Politibil, Pelle-sangen, blei framført av Lennart Mårli og Steinar Toftesund. Han blei ein populær kjenningsmelodi for serien.
Pelle Politibil har også turnert landet rundt med ei førestilling som er sett av over 100 000 barn og vaksne. Bilen frå TV-serien har seinare blitt brukt i trafikkinformasjon for barnehagebarn.[3]