Parinacota-provinsen (spansk Provincia de Parinacota) er ein av to provinsar i den nordlegaste regionen i Chile, Arica og Parinacota. Provinsen grensar i nord til Tacna-regionen i Peru, i aust til La Paz-departementet i Bolivia og i vest til Arica-provinsen. Hovudstaden er Putre. Provinsen har namn etter vulkanen Parinacota.
Historie
Arica y Parinacota-regionen vart oppretta 8. oktober 2007 under lov 20.175, kunngjort 23. mars 2007 av president Michelle Bachelet i byen Arica. Lova delte den tidlegare Tarapacá-regionen i to: den nordlege delen vart XV Arica og Parinacota-regionen, og den sørlege delen vart verande i Tarapacá-regionen.
Geografi og folkesetnad
Ifølgje folketeljinga for 2002 av National Statistics Institute (INE) spenner provinsen over eit område på 8 146,9 km2 og hadde ei folkesetnad på 3 156 innbyggjarar (2 106 menn og 1 050 kvinner), noko som gav den ein befolkingstettleik på 0,4 innbyggjarar per km². Mellom folketeljingane 1992 og 2002 fell folketalet med 17,3 % (659 personar).[1]
Administrasjon
Som ein provins er Parinacota ei administrativ eining på andre nivå i Chile, beståande av to kommunar (comunas): General Lagos i den nordlege delen og Putre i sør. Byen Putre fungerer som provinshovudstad. Provinsen blir administrert av den presidentutnemnde regionale delegaten til Parinacota.
Kjelder
- Referansar
Bakgrunnsstoff