Parfyme (av franskparfum, 'godlukt')[1] er ei løysing av velluktande essensar i alkohol eller vatn ein kan bruka som toalettartikkel eller aromatiske stoff tilsett ulike produkt for å gje dei ei viss lukt, som såper og kremar. Parfymeri kan vera butikkar eller produksjonsstader for parfyme.
Tillaging
Til å laga parfyme bruker ein velluktande essensar som kan vinnast ut frå naturlege kjelder, eller framstillast syntetisk.
Dei naturlege stoffa kan vera animalske (som ambra, castoreum, moskus og civet) eller vegetabilske, som eteriske oljer og egentlege blomsteroljer (appelsin-, rose-, fiol-, sjasminolje og liknande).[2]
Syntetiske luktestoff kan vera basert på stoff isolert av eteriske oljer eller framstilt av organiske samband utvunne frå til dømes tjøre eller petroleum.[2]
Slike stoff har opna for fleire moglege lukter i parfymar, til dømes ved hjelp av syntetisk calone, muskon, kumarin og vanilin.
Vanlegvis blir parfymeoljene fortynna med ei alkoholløysing, som ei blanding av etanol og vatn eller ein sprit danna gjennom rektifikasjon.
Ein kan også bruka feitt med nøytral lukt, som kokosfeitt eller jojobaolje.
Løysinga blir tilsett fikseringsmiddel for å gjera parfymen verksam i lengre tid.[2]
Det er viktig at dei ulike ingrediensane blir tilsett i rett fortynning og tilhøve, ettersom dei velluktande stoffa elles kan gje ei ubehageleg lukt når ein blandar dei saman.[2]
Typar
Omgrepet parfyme viser i snever tyding berre til dei mest konsentrerte og kostbare velluktsprodukta. Desse blir brukt i svært små mengder på utvalde stader på huda. Meir uttynna varer blir ofte omsette under namn med det franske prefikset eau, 'vatn', til dømes eau de Cologne, og kan brukast meir rundhanda.[2]
Parfymeoljer (eteriske oljer) blir også brukt som tilsetning til kosmetika, såpe og liknande for å gjera dei velluktande.[2]
Parfymar kan ha ulike namn basert på kor høg konsentrasjonen av dei aromatiske luktstoffa i det ferdige produktet er. Jo høgare konsentrasjon, jo meir intens og langvarig blir lukta.
Ei vanleg inndeling med dei franske namna på typane er:
Esprit de Parfum (ESdP): 15–30 % aromatiske stoff, ein uvanleg styrke som ligg mellom EdP og parfum
Eau de Parfum (EdP), Parfum de Toilette (PdT): 10–20 % (typisk ca. 15 %) aromatiske stoff, av og til også kalla eau de perfume eller millésime
Eau de Toilette (EdT): 5–15 % (typisk ca. 10 %) aromatiske stoff
Eau de Cologne (EdC): 3–8 % (typisk ca. 5 %) aromatiske stoff
Parfymar med mindre enn 3 % kan marknafsførast under ei rekkje namn
Historie
Ordet parfyme er avleidd av parfumer, frå latin fumigare eller per fumare, 'ved å røyka', og viser opphavleg til røykbehandling om gjev god lukt.[3]
Mange tradisjonelle måter å skapa god lukt på går ut på å brenna ting, som myrra, virak og kamfer og ei rekkje ulike typar røykjelse.
Oldtida og antikken
Ein har framstilt parfymar sidan oldtida. Ein parfymemaker frå babylonskMesopotamia, Tapputi, er nemnd i ei kileskrifttavle frå rundt 1200 f.Kr.[4] Denne fortel at ho destillerte blomar, olje og kalmusrot med fleire aromatiske stoff, filtrerte produktet og tok det gjennom destilleringsapparatet fleire gonger til.[5]
Eit arkeologisk funn av eit rundt 4000 år gammalt parfymeri i Pyrgos på Kypros inneheldt rundt 60 destillasjonsapparat, blandebollar, trakter og parfymeflasker, og kanskje verdas eldste attverande parfymar framstilte av plantar som kanel, laurbær og myrte blanda med olivenolje.[6]
I antikken var bruken av parfyme ubtreidd, særleg blant egyptarar, romarar, persarar og kinesarar.[2]
Fleire egyptiske måleri framstiller personar med lotusblomar ved eller kjegler oppå hovudet. Desse kan vera symbol på at dei er velluktande, men kjeglene er også blitt tolka som salvekjegler eller feittklumpar på hovudet der fast feitt insett med godlukt etterkvart smelta og spreidde parfymen over kroppen.[8]
Egypt var kjend for å produsera ettertrakta parfymar for den antikke verda. Populære parfymar var susinum, laga med kanel, lilje, og myrra, cyprinum laga med abrodd, henna, kanel, kardemomme og myrra og mendesian med balanosolje, kassiakanel og myrra. Parfymen blei vanlegvis oppbevart i alabasterflasker.[9]
Mendesian var også kjend som den egyptiske, og kunne halda seg i fleire år.[10]
Mellomalderen til moderne tid
På 800-talet skildra den arabiske polyhistorenAl-Kindi (Alkindus) ei bok om kjemi og destillering av parfymar som inneheldt over hundre oppskrifter, metodar og apparat for å framstilla velluktande oljer, salvar, væsker og erstattingar for kostbare lækjemiddel.[11][12]
Persiske Ibn Sina (Avicenna) eksperimenterte med å vinna ut oljer frå blomar gjennom destillering, og særleg rosevatn blei særs omtykt.
På 1200-talet tok Venezia over kontrollen over handelen med eteriske oljer i Europa, og dette førte til ein veksande parfymeindustri i Italia.[2]
I 1693 skipa den italienske barberen Giovanni Paolo Feminis eit parfymert vatn han kalla Aqua mirabilis, i dag kjend som eau de cologne.
Parfyme fekk også stor tyding i Frankrike. Dyrking av blomar for utvinning av duft blei ein stor industri i Sør-Frankrike. På 1500-talet blei Katharina de' Medici frå Firenze fransk dronning, og tok med seg sin personlege parfymemakar Rene le Florentin til Frankrike. På 1600-talet blei parfymerte hanskar utbreidde, og i 1656 blei det skipa eit eige laug for hanske- og parfymemakarar. På 1700-talet herska Ludvig XV over «det parfymerte hoffet» (la cour parfumée). Parfyme blei brukt dagleg på huda, klede, vifter og møblar, og Ludvig kravde ein ulik parfyme i romma sine kvar dag.