Alabast er eit lyst, gjennomskinleg mineral. Omgrepet kan visa til ein type gips eller ein type kalkspat.
Den moderne tydinga av ordet viser til gips-alabast, ein finkorna, tett kvit eller marmorert type gips (kalsiumsulfat, CaSO4 · 2 H2O). Alabast er mykje nytta i prydsaker, relieff, skulpturar, armatur og anna, då mineralet er lett å skjere til. Det kan nyttast til lampeskjermar i staden for matta glas, då det er nokso gjennomskinleg. Materialet kan ikkje nyttast utandørs, då vatn løyser opp mineralet. Det finst førekomstar mellom anna i Storbritannia, i Italia og ved Isfjorden på Svalbard.
Elles vert ogso ein varietet av kalkspat (det vil seie kalsitt, jamfør kalsiumkarbonat) kalla alabast, eller kalk-alabast. Dette er det mineralet som ber dette namnet i Bibelen og andre kjelder frå antikken. Ordet har kome til dei moderne europeiske språka frå latinalabaster, som hadde det frå greskαλάβαστρος (alabastros), 'alabast', eller αλάβαστος (alabastos), 'vase av alabast'.[1] Det er uvisst kva språk gresk har fått ordet frå, kanskje frå gamalegyptisk, då dette mineralet vart mykje utvunne i det gamle Egypt. Andre varietetar av mineralet finst elles til dømes i Algerie, USA og Mexico.
Utskoren alabaststein funnen i Guadalquivir-dalen i Spania. Han stammar frå 2000-talet f.Kr., koparsteinalderen i Europa.
Bordlampe heilt ut tilvirka av italiensk alabast.
Egyptisk alabast tilverka som lampeskjerm i Luxor i Egypt.
Kjelder
Fotnotar
↑Alabastos, Henry George Liddell, Robert Scott, A Greek-English Lexicon, at Perseus