Palestinakomiteen er ein sjølvstendig og partipolitisk uavhengig organisasjon som driv solidaritetsarbeid med det palestinske folket. Hovudsakleg vert dette drive som opinionsarbeid i Noreg, men komiteen har òg drive mykje helsearbeid blant palestinarane, fyrst og fremst i flyktningleirane i Libanon.
Palestinakomiteen vart skipa 29. september 1970, og den fyrste leiaren var Finn Sjue. Leiar frå 2004 til 2008 var sokneprestenØyvind Sagedal. Palestinakomiteen driv ein eigen butikk, Al Quds Palestinabutikken, i Oslo. Organisasjonen er tilslutta paraplyen Fellesutvalget for Palestina, som har hovudkontor i Oslo.