Pål Golberg (fødd 16. juli 1990) er ein norsk langrennsløpar frå Gol som er medlem av Gol Idrettslag. Han hadde per februar 2015 vunne to renn i verdscupen i langrenn.
Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap
Aktiv
Golberg vann 10 km under juniorverdsmeisterskapen i austerrikske Hinterartzen i 2010. Han deltok i ski-VM 2013 i Val di Fiemme, der han tok seg til finalen i sprintøvinga og enda på femteplassen.
I sin hittil beste sesong, OL-sesongen 2014, tok Golberg sin fyrste verdscupsiger då han 7. desember 2013 sigra i 15 km klassisk stil på Lillehammer. Den 1. mars 2014 vann han sprintøvinga, eit fristilrenn, under verdscupen i Lahti.
Kjelder
Bakgrunnsstoff