Overijssel (latinTransiselania) er ein provins i Nederland og ligg aust i sentrale delar av landet. Namnet tyder «landet på andre sida av elva IJssel». Administrasjonssenteret i provinsen er Zwolle.
I søraust er provinsen hovudsakleg sandete med eit par mindre elvar som Regge og Dinkel. Dei nordlege delane av provinsen var ein gong myrlendt og torv frå dette området vart i tidlegare i stor grad utnytta til brensel. I dag er det berre få område att frå desse myrene.
Det høgaste punktet i Overijssel er toppen Tankenberg, ein ås i kommunen Losser på 89 meter over havet. Det lågaste punktet er Mastenbroek polder nær Kampen på 2 meter under havnivå.
Historie
Overijssel vart tidlegare kalla Oversticht. I 1336 vart han ein del av Geldern, men vart seinare avstått til erkebiskopen av Utrecht i 1347 og kjend som het Sticht. Biskopane gav Oversticht vidare til keisar Karl V av Det tysk-romerske riket i 1528, som kalla seg sjølv «Herre over Overijssel», og som slik gav provinsen det moderne namnet. Folket i provinsen slo seg saman med dei andre nederlendingane i opprøret mot Karl V sin arving, Filip II av Spania.