Otepää er ein by i Valga maakond i Estland med om lag 2000 innbyggjarar. Otepää er ein populær skistad, og vert ofte kalla «vinterhovudstaden» i Estland. Ofte vert det halde verdscuprenn i langrenn her.
Otepää fekk bystatus 1. april 1936.