Ostkaka blir tradisjonelt laga ved å tilsetje løype til mjølk og let kaseinet koagulere. Krem, smør, egg, mandlar blir så tilsette for å lage deigen.
Deretter blir kaka bakt i omnen og servert lun, aldri varm, sidan det vil nøytralisere den særeigne smaken.[3]
Tradisjonelt blir Smålandsvarianten laga i ein romsleg koparkjele. Dette har gitt utslag i ein tradisjon som tillet gjestane å servere seg frå midten av kaka, for å unngå spor av kopar som har kunna blanda seg inn i kakedeigen der ho har vore borti kjelen.
Feiring
Sidan 2004 feirer man i Sverige kvart år Ostkakans dag den 14. november.[4]
Dagen blei lansert av Ostkakans vänner,[5] som blei stifta våren 2003.