Orkanen Beryl var ein atlantiskkategori 5-orkan som oppstod fredag 28. juni 2024.[1] Han er den fyrste orkanen i den atlantiske orkansesongen i 2024. Han er òg både den tidlegaste kategori 4- og kategori-5-orkanen i Atlanterhavet som nokon gong er registrert, og den fyrste kategori 4-orkanen som nokon gong er registrert i juni. Han er den andre kategori 5-orkanen som nokon gong er registrert i juli.[2][3]
Sundag 30. juni utvikla Beryl seg fyrst til ein kategori 3-orkan og seinare til ein kategori 4-orkan.[4][5] Tysdag 2. juli norsk tid hadde Beryl utvikla seg til ein kategori 5-orkan.[3]