Orikum er ein tidlegare bykommune i regionen Vlorë i Albania. Etter ei admininistrasjonsreform i 2014 inngår han som ei kommunaleining i kommunen Vlorë.[2]
Ved folketeljinga i 2011 hadde den dåverande bykommunen Orikum 5 503 innbyggjarar.[1]
Tidlegare administrativ inndeling
Fram til år 2000 var Orikum ein del av distriktet Vlorë.[3] Den dåverande bykommunen omfatta sjølve byen Orikum og busetnadene:[2]
- Dukat
- Dukat Fshat
- Tragjas
- Radhimë
Referansar