Organisasjonen av oljeeksporterande land (engelskOrganization of the Petroleum Exporting Countries, forkorta OPEC) er ein internasjonal organisasjon som består av land som eksporterer petroleum. OPEC vart skipa 14. september 1960 i Bagdad i Irak. Frå 1965 har det internasjonale hovudkvarteret til organisasjonen vore i Wien i Austerrike. Føremålet til organisasjonen er å forhandla med oljeselskap om rettar knytt til petroleumsutvinng, prisar, og konsesjonsrettar. Landa som er med i OPEC har ei sams interesse i å halda oppe prisane på petroleumsprodukt, av di inntektene frå eksport av slike produkt utgjer ein stor del av nasjonaløkonomien. Landa som er med i OPEC kontrollerer etter offisielle tal kring 75 prosent av petroleumsressursane i verda. Kring 40 prosent av oljeforbruket i verda kjem frå OPEC-landa.
I 2016 signerte OPEC ein avtale med 10 andre oljeutvinnande land, mellom dei Russland, og skipa med det OPEC+. Russland var då den tredje største oljeksportøren i verda.[1]
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon.
Du kan forbetra artikkelen ved å leggja inn referansar til pålitelege kjelder. Kven som helst kan fjerna kjeldelaust materiale utan forvarsel, men den føretrekte tilnærminga er i første omgang å markera dei setningane/påstandane som treng kjeldebelegg ved å tilføya {{tr}} etter påstanden.