«Ooby Dooby» er ein rock & roll-song skriven av Dick Penner og Wade Moore. Han vart skriven på taket av studentheimen dei budde på ved Texas University.[1] Dei prøvde så å få eit lokalt rockabillyband, The Teen Kings leia av gitaristen Roy Orbison, til å spele inn songen.
The Teen Kings spelte inn songen første gongen fro det vesle selskapet Je-Wel i Texas og gjeven ut under namnet the Teen Kings. Ei nyinnspeling på Sun Records gjeve ut 19. mai 1956 nådde den nasjonale singellista, ein 56. plass. Dette inspirerte til fleire coverversjonar av songen, mellom anna av Sid King & the Five Strings på Columbia. Creedence Clearwater Revival spelte inn songen for albumet Cosmo's Factory i 1970, og heldt seg tett inn til den originale innspelinga til Orbison for Sun, og har kopiert alt ned til til og med gitarsoloen.[1]
Orbison som skjemst over innspelingane sine for Sun Records, starta å spele songen fast på konsertane sine mot slutten av karrieren.[1]
Kjelder
Bakgrunnsstoff