Ole Theodor Harboe Helliesen (22. januar 1818–24. august 1900) var ein tollar og stortingsmann fødd i Bodø. Henrik Helliesen var far hans, Henrik Laurentius Helliesen bror hans.
Helliesen tok norsk juridisk eksamen i 1842. Seinare arbeidde han på tollkontor i Fredrikshald, Trondheim og frå 1849 i Tromsø. Han var frå 1861 overtollbetjent i Farsund, 1865 i Kristiania, og 1873 i Drøbak.
I Farsund var han medlem av bystyret, medan han i Drøbak var ordførar i seks år. Sparebankdirektør var han begge stadene. I 1874 var han medlem av ein kongeleg kommisjonen om skipsmåling.
Helliesen representerte Moss og Drøbak på Stortinget 1880-82 og på omframstortinget 1882. Han var då medlem av tollkomiteen. Mellom 1883 og 1891 var han heile tida varamann frå same valkrinsen. Han møtte i staden for Johan Thorne heile 1890-sesjonen og frå 18. mars 1891, medlem av justiskomiteen.
Sommaren 1900 døydde Helliesen under ei reise i Danmark.
Kjelder
- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914