Ole Eliassøn Gjerdrum (22. april 1785–29. januar 1858) var ein norsk jurist, embetsmann og forretningsmann. Han var i København 1811-1814 og tok der mellom anna juridisk eksamen. Han vart byråsjef i Finansdepartementet frå 1817, politimester i Christiania frå 1823 og fut i Aker og Follo frå 1831. Han skipa saman med mellom anna Adam Hiorth Nydalens Compagnie.[1] Gjerdrum var gift med Mette Alette Krohn, dotter av offiseren Johan Jørgen Krohn. Sonen Jørgen Gjerdrum var ein foregangsmann i norsk forsikring mellom anna som leiar av Storebrand og Idun.
Som politimester var han innblanda i det såkalla Torgslaget i 1829.[2]
Referansar