Nydalens Compagnie AS var eit tekstilindustriselskap øvst i Nydalen i Oslo. Verksemda vart stifta av Adam Hiorth i 1845 under namnet Nydalens Bomuldsspinderi og var i drift frå 1847.
Selskapet skifta namn til Nydalens Compagnie i 1867. Frå 1890-åra og fram til rundt 1940 var Nydalens Compagnie den største tekstilverksemda i Noreg med opp mot 1 100 tilsette. I 1950-åra blei verksemda trappa ned og nedlagd i 1963.