Old Tjikko er ei 9 550 år gammal gran som veks på Fulufjället i Dalarna I Sverige. Ved målingar og testar har ein kome fram til at det er det eldste kjende treet i verda. Daude restar av rotsystemet har ein aldersbestemt ved C-14-datering. DNA prøver syner at det er same treet som veks i dag.
Skildring
Old Tjikko har hatt mange stammer opp gjennom år, men dei har døydd av alder, og er i stor grad nedbrotne. Delar av rotsystemet har heile tida overlevd, og nye stammer har vakse fram.[1] Treet som no står har hatt ei høgd på omlag fem meter. Denne har vorte redusert vinteren 2023 av tunge snømengder.[2]
Treet har namn etter Tjikko, hunden til finnarane av treet.[3]