Olav Rusti voks opp med etternamnet Rusten, men endra det seinare til Rusti av di dette høydest meir norsk ut. Rusti var aktiv i Vestmannalaget, og var oppteken av målsaka og bygdekultur. Han gifta seg i 1892 med tyskfødde Frida Hoeck Rusti (1861-1963), som òg var kunstnar. Frå 1895 budde dei i huset Urdi i Bergen. Huset heitte då Uren, men Rusti endra namnet til Urdi. Rusti har fått gata Olav Rustis gate på Gyldenpris kalla opp etter seg.