Olaf Edvard Moe (6. september 1876–6. desember 1963) var ein norsk teolog, fødd i Modum, son til Oscar Moe.
Olaf Edvard Moe vart cand.theol. i 1900 og dr.theol. i 1912. Frå 1906 til 1916 var han dosent i nytestamentleg teologi ved Universitetet i Oslo. I 1916 fekk han stilling ved Menighetsfakultetet i same byen og arbeidde som professor der heilt fram til 1953.
Moe skreiv fleire verk om Paulus og den apostoliske kyrkja. Han kom også med vitskaplege kommentarar til Johannes-evangeliet og Romarbrevet. I 1956 gav han ut memoarboka Levet og lært.
Kjelder
Store norske leksikon