Nylands mekaniske verksted var eit tidlegare skipsverft i Oslo, grunnlagt i 1854 av J.S. Jarmann, J.G. Jarmann og Prosper Nørbech. Nylands mek. verksted starta med å bygge dampmaskinar, og bygde dampskip og damplokomotiv. I 1857 flytta verkstaden til utløpet av Akerselva i Bjørvika, der det vart oppført ein stor fabrikkbygning ytst på vestre elvebreidda. På denne tomta dreiv verkstaden hovudverksemda si fram til 1971. Rundt år 1900 var Nyland det største verftet i landet, med over 1000 tilsette. I 1956 vart Nyland overtatt av Akergruppa og seinare slått saman med Akers mekaniske verksted, som låg i Vika i Oslo.
På tomta etter Nylands Verksted attmed Akerselva vart Operahuset i Oslo opna i 2008.