Hjulbåt er eit skip med skovlhjul som sørgjer for framdrifta.
Hjulbåten representerte første fase i overgangen frå seglbåtar til båtar med motor. Dei første propellane (skruar) for drift av skip vart først utvikla i 1836.
Skovlhjula var høvesvis plassert eitt på kvar side da dette gav best manøvreringseigenskapar. Ulempa var at brygger og gangvegar måtte tilpassast spesielt. Alternativt vart skovlhjulet plassert akterut. Dette var vanleg blant anna på elvebåtar (floddamparar).