Northern Cape er ein provins i Sør-Afrika. Hovudstaden er Kimberley, arealet er 372 889 km² og folketalet 1 355 946 i 2022. Provinsen vart danna i 1994 av den nordvestlege delen av den gamle Kapp-provinsen, og grensar til Namibia og Botswana i nord. Han er den største, men samstundes minst folkesette, av dei sørafrikanske provinsane. Om lag 35,7 % av folket er svarte afrikanarar, 51,6 % er «farga» («blandingsrase»), 12,4 % kvite og 0,3 % asiatar. 70 % av folket har afrikaans som morsmål, den høgste delen i nokon sørafrikansk provins. 20 % talar tswana og 6,5 % xhosa.
Kjelder
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon.
Du kan forbetra artikkelen ved å leggja inn referansar til pålitelege kjelder. Kven som helst kan fjerna kjeldelaust materiale utan forvarsel, men den føretrekte tilnærminga er i første omgang å markera dei setningane/påstandane som treng kjeldebelegg ved å tilføya {{tr}} etter påstanden.