Norsk Målungdom

Norsk Målungdom
Typeforening/lag/innretning
Org.nummer959358451
Skipa25. juli 1961
HovudkontorOslo
Medlemmer1 344
Nettstadhttps://malungdom.no Sjå dette på Wikidata

Norsk Målungdom (NMU) er ein norsk ungdomsorganisasjon som kjempar for å verje og fremje det nynorske skriftspråket og dei norske dialektane. Organisasjonen blei skipa i 1961, og heitte då Noregs Student- og Elevmållag (NSEM). Dette namnet reflekterte organisasjonsstrukturen på 60- og 70-talet, då Norsk Målungdom for det meste var utgjord av såkalla student- og elevmållag ved gymnas, høgskular og universitet. I 1972 byte organisasjonen namn til Norsk Målungdom (NMU). Norsk Målungdom har i dag om lag 1.300 medlemmer; av desse er kring 1.000 betalande medlemmer under 26 år. Norsk Målungdom er dotterorganisasjonen til Noregs Mållag, og samarbeidet mellom dei to organisasjonane er regulert gjennom ein samarbeidsavtale som dei fyrst inngjekk i 1969. Samarbeidsavtalen som er no er frå 2013.

Under Landsmøtet til organisasjonen i 2017, gjekk Synnøve Marie Sætre av som leiar, til fordel for Fredrik Hope.

Historie

Sjølv om Noregs Elev- og Studentmållag ikkje blei skipa før i 1961, hadde det funnest flekkvise forsøk på organisert målarbeid for ungdom i mange tiår allereie. Vi kan rekne Målvinarlaget (målvenn-) ved lærarskulen på Stord, som blei skipa i 1877, som det første dømet på organisert målarbeid mellom ungdom. I tida som følgde blei det skipa lag ved ei rekkje andre lærarskular, mellom anna i Troms og Elverum. Tanken på å sameine desse einskildlaga i ein nasjonal ungdomsorganisasjon, blei likevel ikkje aktuell før langt ut på 1900-talet. Dette er ein klår parallell til arbeidet med å samle dei einskilde mållaga til Noregs Mållag, som òg var vanskeleg av di lokale einingar i målrørsla tradisjonelt har vilja verne om sjølvstyret sitt og motsett seg sentralisme.

Norsk Målungdom har aldri kunna skilte med den same kontinuiteten i leiarskapen og medlemsmassen som Noregs Mållag har hatt, og det at organisasjonen i regelen tek meir radikale eller kontroversielle standpunkt i mål- og allmennpolitiske spørsmål, har gjort at det til tider har vore vanskeleg for dei to organisasjonane å samarbeide på godt vis. Usemje om kva og kvifor målreisinga skal vere, om og korleis målrørsla bør stille seg til spørsmål som fell utanfor det vi utan vidare kan rekne som «målsak» – til dømes EF –, og turbulens innetter i NSEM/NMU, har ført til at tilhøvet i periodar har vore direkte fiendtleg. Dei siste åra, derimot, har vore prega av meir semje mellom Noregs Mållag og NMU.

1961–1970 – Etablering

Skipingsmøtet i Noregs Student- og Elevmållag (NSEM) blei halde på Vinstra 3. august 1961, torsdagen før landsmøtet i Noregs Mållag tok til. NSEM blei ynskt velkomen i Noregs Mållag. Tilhøvet til Noregs Mållag vart først formelt ordna i 1964. Dei første åra var kjenneteikna av svak samordning laga imellom. Frå 1967/68 fekk NSEM eigne årsmøte. Fram til 1968 var Studentmållaget i Oslo det leiande laget, og sentralstyret heldt til i Oslo. I 1968 blei leiinga flytta til Studentmållaget i Bergen, og så attende igjen i 1970. NSEM blei aldri nokon sterk organisasjon, og blei først og fremst sett på som eit samordningsorgan.

1970–1980 – EF, m-l og AFSRIS bak spegelen

I 1972 blei leiinga flytta frå Oslo til Bergen att, der ho blei verande fram til hausten 1977. Då flytte sentralstyret til Oslo og fekk permanent skrivarstove og ein fast tilsett skrivar (generalsekretær).

Kampen mot norsk EF-medlemskap spelte ei viktig rolle på den første halvdelen av 70-talet. Det var særs få ja-folk i målrørsla, og då målrørsla tok avstand frå norsk EF-medlemskap vakte det stor harme blant ja-folka i Dag og Tid og Gula Tidend. Då Aftenposten oppsummerte tapet la dei mykje av skulda på målfolka.

Deretter var det duka for intern strid mellom tilhengjarar av den nasjonale og den sosiale linja i norsk målreising då tufta var oppe til ordskifte frå 1974 til 1976. Striden bar preg av dominans frå AKP (m-l) på den nasjonale sida og SV på den sosiale sida, men var òg ein strid mellom sentralstyret, som hadde sete i Bergen, stod på den nasjonale linja og ville at føremålet skulle vere «nynorsk som einaste riksmål», og Studentmållaget i Oslo, som stod fast på folkemålslinja. Eittspråkslinja vann fram, men sjølve formuleringa blei eit kompromiss der det heitte at «NMU arbeider for full språkleg frigjering for heile det norske folket, i tale som i skrift».

1970-åra var òg tida for dei største skulestreikane i norsk soge. I 1971 streika 30.000 elevar ved 112 skular for å få lovfest retten til lærebøker. Aksjonane blei etter kvart samordna av Aksjonsnemnda for språkleg rettferd i skulen (AFSRIS). Med Lov om vidaregåande opplæring (1974) blei retten lovfest, men lova viste seg å vere lite verd i praksis. I 1976 følgde nye læremiddelaksjonar, og problemet blei emne i valkampen i 1977.

I 1975 gjekk dei første dialektaksjonane av stabelen. Frå 1977 til 1983 blei dialektaksjonane samordna mellom Noregs Ungdomslag, Noregs Mållag og Norsk Målungdom. Innetter i organisasjonen var det usemje om i kor stor grad ein skulle tone ned nynorsk og berre fokusere på dialekt. Målorganisasjonane heldt fast på tilknytinga til nynorsk og målreisinga, og gjorde det vanskeleg å byggje ein breiare allianse. I 1983-1984 flata dialektbølgja ut.

1980–1990 – Konflikt

Mellom 1985 og 1987 blussa tuftordskiftet opp igjen. Organisasjonen landa på eit langt meir offensivt standpunkt med bakgrunn i eittspråkslinja, og var pionerar med å nykople målsaka til det nasjonale. I tillegg la ein opp til ein meir straumlineforma og effektiv sentralorganisasjon. Desse faktorane førte til splid mellom studentmållaga i Bergen og Oslo på den eine sida og resten av organisasjonen på den andre sida. Studentmållaget i Bergen melde seg ut av Norsk Målungdom og beinveges inn i Noregs Mållag. Dette førte igjen til at Norsk Målungdom braut samarbeidet med Noregs Mållag fram til den nye samarbeidsavtalen var på plass i 1993.

1990–2000 – Ny EU-kamp

På første halvdelen av 90-talet blei spørsmålet om korleis Noreg skulle knyte seg til den europeiske fellesskapen reaktualisert, og Norsk Målungdom var mellom anna sentral i danninga av ungdomsorganisasjonen på nei-sida, Ungdom mot EU.

2000–2010 – Medlemsjuks, tronge kår og ny framgang

I 2002 kom det fram at organisasjonen hadde drive systematisk medlemsjuks i fleire år. Fleire tillitsvalde måtte i fengsel og betale erstatning, og organisasjonen blei ilagd å betale attende det han hadde stole. Dette kom til å prege arbeidet heretter.

På 00-talet fekk organisasjonen mellom anna gjennomslag for nynorsk teksting på kino og ekstraløyvingar til nynorske læremiddel. Nynorsk programvare var òg eit arbeidsområde på dette tidspunktet, og blei tema for Aksjon for språkleg rettferd i skulen. 1. august 2006 tok kravet om språklege parallellutgåver i alle fag utanom norsk til å gjelde for programvare så vel som lærebøker.

2010–

Kampsaker

Målpolitikk

Norsk Målungdom arbeider for at alle i Noreg skal ha høve og rett til å skriva nynorsk, og å fremja nynorsk, dialektbruk og språkleg mangfald på alle samfunnsområde. Organisasjonen organiserer ungdom til å gå føre i dette arbeidet.

Spørsmålet om plassen til bokmålet i eit språkleg ideelt samfunn har vore oppe til ordskifte i mange ulike former. På 70- og 80-talet dominerte spenningane mellom dei som rekna seg til den sosiale og den nasjonale linja.

Tilhengjarane av den sosiale linja meinte at nynorsken var verd å kjempe for først og fremst fordi han var eit uttrykk for folkemålet, og det var ikkje tilfeldig at venstresidekreftene som etter kvart fann vegen inn i organisasjonen, gjerne sokna til denne forståinga av målstriden.

Tilhengjarane av den nasjonale linja meinte at nynorsken fann sin verdi i at han var norsk, og at han burde odlast fram på sjølvstendig grunnlag. Desse ulike forståingane av målstriden resulterte ofte òg i ulike tilnærmingar til rettskriving, normering og samnorsk.

Frå 80-talet og utetter har desse skiljelinjene blitt mindre viktige, og i dag arbeider Norsk Målungdom for språkleg mangfald og språklege rettar uavhengeg av målform.

Allmennpolitikk

Norsk Målungdom kasta seg aktivt inn i kampen mot norsk medlemskap i EF (1972) og EU (1994). Dette botna i ei programfest overtyding i organisasjonen om nasjonen sin rett til å rå over seg sjølv og nasjonalstaten som det mest eigna organet til å byggje eit godt folkestyre. Somme har òg peika på at den historiske venstresidedominansen i organisasjonen kan ha bidrege til å knesetje dette nei-standpunktet, og at det såleis ikkje berre dreier seg om nasjonal sjølvråderett, men kan vere farga av politiske sympatiar i styret.

Organisasjon

Sentralstyret

I april 2021 valde landsmøtet det følgjande sentralstyret[1], som troppa på i juli 2021:

  • Leiar: Frida Pernille Mikkelsen
  • Nestleiar: Ådne Reidar Nes Kleppe
  • Sentralstyremedlem: Tobias Christensen Eikeland
  • Sentralstyremedlem: Dordi Boksasp Lerum
  • Sentralstyremedlem: Marit Voldsund Fjeldvær
  • 1. vara: Rasmus Tennøe Loe
  • 2. vara: Anna Lovise Rekdal
  • 3. vara: Erling Løklingholm Leivestad

Skrivar[2]

  • Skrivar: Rebekka Hugøy Hovland

Landsstyret[3]

  • Emil Nordvik
  • Ingvild Maria Utne Nese
  • Ole August Iversen
  • Jonas Økland
  • Noa Sebastian Skaare Gjerseth
  • Steinar Voldsund Fjeldvær
  • Julie Garmo
  • Synne Solberg
  • Stine Fjellkårstad
  • Magnus Vesterøy Bryne
  • 1. vara – Iselin Sande Bakke
  • 2. vara – Kristina Bjørnereim
  • 3. vara – Ingrid Mølmen Gråsletten
  • 4. vara – Jens Håkon Birkeland
  • 5. vara – Simen Rønnekleiv Eriksen

Leiarar av Norsk Målungdom[4]

Aktivitetar

Organisasjonen arrangerer mykje forskjellige aktivitetar, både politiske og sosiale. Ved kvart landsmøte set organisasjonen ned eit arbeidsprogram, som beskriv kva aktivitetar NMU skal gjera.

Tilskipingar

Norsk Målungdom skipar til desse nasjonale samlingane:

  • Vinterleir er ein populær, nasjonal tilskiping i januar månad som har vekt på sosiale og uformelle aktivitetar;
  • Landsmøte er det nasjonale årsmøtet der politiske prioriteringar, verv og budsjett vert vedteke;
  • Sommarleir varer ei heil veke og inkluderer både fotturar, faglege føredrag, fotballturnering og melodikappleik. Under sommarleiren tek det nyvalde sentralstyret og bladstyret (redaksjon) over;
  • Haustkonferanse er eit helgearrangement med fagleg program om språk og politikk.

Styremøte

Landsstyret samlast fem gonger i året. Dei arrangerer kampanjar, vedtek politikken og tilset arbeidstakarar i organisasjonen. Sentralsstyret har fleire møte i månaden og står for den daglege drifta.

Tilhøve til Noregs Mållag

Norsk Målungdom er ungdomsorganisasjonen til Noregs Mållag, og har status som eit fylkeslag i Noregs Mållag. Organisasjonane har per 2019 kontor i lag, og samarbeider tett. Samarbeidet er formalisert i ein samarbeidsavtale som blei inngått i 1969. Avtala blei revidert i 1974 og 1993, og presisert i 1998, før dei to organisasjonane vedtok ein ny avtale i 2014. Norsk Målungdom har ein fast representant i styret, valnemnda og landsrådet i Noregs Mållag.

Kjelder

Fotnotar
  1. «Norsk Målungdom», malungdom.no, henta 28. september 2021 
  2. «Norsk Målungdom», malungdom.no, henta 28. september 2021 
  3. «Norsk Målungdom», malungdom.no, henta 28. september 2021 
  4. «Norsk Målungdom», malungdom.no, henta 28. september 2021 
  • Almenningen, Olaf (m. fl.): Målreising i 75 år – Noregs Mållag 1906–1981 (Oslo, 1981).
  • Almemnningen, O., Hoel, O.L., Pilskog, G.M., Tangen, H.: Studentar i Målstrid, studentmållaget i Oslo 1900–2000 (Oslo: Studentmållaget i Oslo og Det Norske Samlaget, 2003).
  • Almenningen, Olaf: «Målarbeid mellom ungdomen – gjennom 20 år» i Mål og Makt nr. 1/1987 (Oslo: Studentmållaget i Oslo, 1987)

Bakgrunnsstoff

Read other articles:

Lassana Diarra Diarra bersama Lokomotiv Moskow pada 2014Informasi pribadiNama lengkap Lassana Diarra[1]Tanggal lahir 10 Maret 1985 (umur 39)Tempat lahir Paris, PrancisTinggi 1,73 m (5 ft 8 in)[2]Posisi bermain GelandangKarier junior1998–1999 Paris FC1999–2001 FC Nantes2001–2002 Le Mans2002–2003 Red Star 932003–2004 Le HavreKarier senior*Tahun Tim Tampil (Gol)2004–2005 Le Havre 29 (0)2005–2007 Chelsea 13 (0)2007–2008 Arsenal 7 (0)2008–2009...

 

Artikel ini membutuhkan rujukan tambahan agar kualitasnya dapat dipastikan. Mohon bantu kami mengembangkan artikel ini dengan cara menambahkan rujukan ke sumber tepercaya. Pernyataan tak bersumber bisa saja dipertentangkan dan dihapus.Cari sumber: Djanan Tajib – berita · surat kabar · buku · cendekiawan · JSTOR Djanan TajibDjanan Tajib (duduk), bersama Mr. Sunario, Mr. Sartono, Drs. Moh. Hatta, dan Mr. WirjonoNamaDjanan TajibAlma materUniversitas Al-Az...

 

Untuk judul film tahun 1949, lihat Samson and Delilah (film 1949). Untuk judul film tahun 1987, lihat Samson dan Delilah. Untuk judul film tahun 2009, lihat Samson and Delilah (film 2009). Samson dan DahliaGenre Drama Roman Komedi Religi PembuatAmanah Surga ProductionsSutradaraPaulus PuiPemeran Adul Melody Prima Handika Pratama Brian Austin Tubagus Ali Akbar Zacky Zimah Asha Shara Gary Iskak Tessa Kaunang Bemby Putuanda Voke Victoria Kimmy Geovanni Helsi Herlinda Enzy Storia Penggubah lagu te...

Pangu Potret Pangu dari Sancai Tuhui Hanzi tradisional: 盤古 Hanzi sederhana: 盘古 Alih aksara Mandarin - Hanyu Pinyin: Pángǔ - Wade-Giles: P'an-ku Pangu (54000 — 18000 SM) (Pinyin: Pángǔ Shì; Hanzi Sederhana: 盘古氏; Hanzi tradisional: 盤古氏) adalah salah satu tokoh dalam cerita mitologi Tiongkok. Ada orang yang menganggap Pangu sebagai penjelmaan dari Yuanshi Tianzhun (Pīnyīn: Yuán Shǐ Tiān Zhūn; Hanzi: 元始天尊) dalam ajaran Taoisme. Legenda tentang Pangu terda...

 

1898 Imperial Fabergé egg Imperial Pelican Fabergé eggThe egg on its original stand also in the Empire styleYear delivered1898CustomerNicholas IIRecipientMaria FeodorovnaCurrent ownerIndividual or institutionVirginia Museum of Fine ArtsYear of acquisition1947Design and materialsWorkmasterMichael PerkhinMaterials usedGold, diamond, enamelHeight102 millimetres (4.0 in)SurpriseEight framed miniature watercolors The Dowager (or Imperial Pelican) Fabergé egg, is a jewelled Easter egg[1...

 

NGC 7793NGC 7793 seperti yang diamati dengan Teleskop luar angkasa Spitzer sebagai bagian dari Survei Galaksi Terdekat Inframerah Spitzer. Warna biru mewakili emisi 3,6 mikrometer dari bintang-bintang. Warna hijau dan merah mewakili emisi 5,8 dan 8,0 mikrometer dari hidrokarbon aromatik polisiklik dan mungkin debu.Data pengamatan (J2000 epos)Rasi bintangSculptorAsensio rekta 23j 57m 49.8d[1]Deklinasi -32° 35′ 28″[1]Pergeseran merah227 ± 2 km...

ABC affiliate in Burlington, Vermont WVNYBurlington, VermontPlattsburgh, New YorkMontreal, QuebecUnited States–CanadaCityBurlington, VermontChannelsDigital: 7 (VHF)Virtual: 22BrandingABC 22[1]ProgrammingAffiliations22.1: ABCfor others, see § SubchannelsOwnershipOwnerMission Broadcasting, Inc.OperatorNexstar Media GroupSister stationsWFFF-TVHistoryFirst air dateAugust 19, 1968 (55 years ago) (1968-08-19)Former call signsWVNY-TV (1968–1974)WEZF-TV (1974–1982)Fo...

 

Pour les articles homonymes, voir Mason et James Mason (homonymie). James Mason James Mason en 1964, dans La Chute de l'Empire romain. Données clés Nom de naissance James Neville Mason Naissance 15 mai 1909Huddersfield, Yorkshire, Angleterre, (Royaume-Uni) Nationalité Britannique Décès 27 juillet 1984 (à 75 ans)Lausanne (Suisse) Profession Acteur Films notables Pandora Le Renard du désertJules CésarVingt mille lieues sous les mers Une étoile est née Voyage au centre de la Terr...

 

Toll agency in New York City TBTA redirects here. For the chemical compound, see Tris(benzyltriazolylmethyl)amine. MTA Bridges and TunnelsCompany typePublic benefit corporationFoundedNew York State (1933)HeadquartersRandall's Island, Manhattan, New York CityArea servedNew York CityKey peopleCatherine T. Sheridan, President[1]RevenueUS$2.4 billion (2023)[2]Operating incomeUS$596 million (2023)[3]Number of employees1,589[4]ParentMetropolitan Transportat...

One of the five fighting arms of the British Royal Navy Royal Navy Submarine ServiceFounded1901Country United KingdomBranchRoyal NavyMotto(s)We Come UnseenEquipment6 SSNs & 4 SSBNsWebsitewww.royalnavy.mod.uk/our-organisation/the-fighting-arms/submarine-service CommandersCurrentcommanderCommodore Paul Dunn OBE[1]Commodore-in-ChiefHRH The Prince of WalesInsigniaWhite Ensign (1901 – present)Naval jackDolphin BadgeMilitary unit His Majesty'sNaval Serviceof the British Armed For...

 

西維珍尼亞 美國联邦州State of West Virginia 州旗州徽綽號:豪华之州地图中高亮部分为西維珍尼亞坐标:37°10'N-40°40'N, 77°40'W-82°40'W国家 美國加入聯邦1863年6月20日(第35个加入联邦)首府(最大城市)查爾斯頓政府 • 州长(英语:List of Governors of {{{Name}}}]]) • 副州长(英语:List of lieutenant governors of {{{Name}}}]])吉姆·賈斯蒂斯(R)米奇·卡邁克爾(...

 

Indian freedom fighter (1888–1908) Prafulla ChakiBorn(1888-12-10)10 December 1888Bogra, Bengal, British India (now Rajshahi, Bangladesh)Died2 May 1908(1908-05-02) (aged 19)Patna, Bengal, British India (now Bihar, India)OccupationFreedom fighters of IndiaOrganizationJugantarKnown forRole in Indian freedom struggleMovementIndian independence movement Anushilan Samiti Influence List Indian Nationalism (Militant nationalism) Bankim Chandra Chattopadhyay Swami Vivekananda Sister Nivedi...

v · mConseil de coopération du Golfe Pays membres Arabie saoudite Koweït Bahreïn Émirats arabes unis Qatar Oman  Documentation de palette[créer] [purger] Ceci est la documentation du modèle {{Palette Conseil de coopération du Golfe}}. Syntaxe L’utilisation de cette palette se fait par l’ajout, en fin de page, avant les portails, du code {{Palette|Conseil de coopération du Golfe}}, ou en l’ajoutant à une ou des palettes existantes sous la forme {{Pale...

 

Neighborhood in Portland, Oregon, United StatesHayden IslandNeighborhoodLocation in PortlandCoordinates: 45°36′43″N 122°40′34″W / 45.61190°N 122.67606°W / 45.61190; -122.67606Country United StatesState OregonCity PortlandGovernment • AssociationHayden Island Neighborhood Network • CoalitionNorth Portland Neighborhood ServicesArea • Total1.69 sq mi (4.38 km2)Population (2000)[1] �...

 

University in Australia USQ redirects here. For other uses, see USQ (disambiguation).University of Southern QueenslandCoat of armsFormer names List Queensland Institute of Technology (Darling Downs)(1967–1971)Darling Downs Institute of Advanced Education(1971–1989)University College of Southern Queensland(1990–1991) MottoPer Studia Mens Nova[1] (Latin)Motto in EnglishThrough study the mind is renewed[2]TypePublic research universityEstablished1967 (technical institu...

1993 video gameMotoko-chan no Wonder KitchenCover artDeveloper(s)AjinomotoPublisher(s)AjinomotoPlatform(s)Super Famicom[1]ReleaseJP: September 1993[1]Genre(s)Simulation (kitchen simulator)Mode(s)Single-player only Motoko-chan no Wonder Kitchen (もと子ちゃんのワンダーキッチン, Little Motoko's Wonder Kitchen)[2] or Motokochan in Wonder Kitchen is a 1993 Super Famicom point-and-click video game that features minigames related to cooking. The game was a prom...

 

City in Texas, United StatesStinnett, TexasCityHutchinson County CourthouseLocation of Stinnett, TexasCoordinates: 35°49′23″N 101°26′37″W / 35.82306°N 101.44361°W / 35.82306; -101.44361CountryUnited StatesStateTexasCountyHutchinsonArea[1] • Total1.98 sq mi (5.14 km2) • Land1.98 sq mi (5.14 km2) • Water0.00 sq mi (0.00 km2)Elevation[2]3,176 ft (968 m)Po...

 

Kapal roda Romawi bertenaga kerbau dari sebuah salinan abad ke-15 De Rebus Bellicis Sebuah ballista beroda empat yang digerakkan menggunakan kuda, dari sebuah engravir yang diilustrasikan pada editio princeps 1552 De Rebus Bellicis. De rebus bellicis (Tentang Hal-Hal Perang) adalah sebuah karya anonim dari abad ke-4 dan ke-5 yang menyebutkan masalah-masalah militer dan keuangan dalam Kekaisaran Romawi, yang meliputi sejumlah mesin-mesin perang menakjubkan. Karya tersebut ditulis setelah kemat...

Technique of rock climbing This article is about a technique in rock climbing. For the Olympic and IFSC sport of lead climbing, see Competition lead climbing. Part of a series onClimbingLead climber on the bolted sport climbing route Gezurren Erresuma 8c (5.14b), in Spain. Lists Climbers Piolet d'Or winners IFSC victories Equipment Knots Historical events Grade milestones Eight-thousanders Terminology Types of rock climbing Aid Big wall Multi-pitch Bouldering Highball Competition Speed F...

 

Voce principale: Benevento Calcio. FCS BeneventoStagione 2000-2001Sport calcio Squadra Sporting Benevento Allenatore Francesco Dellisanti, poi Francesco Paolo Specchia Presidente Renato Pedicini Serie C112º nel girone B Coppa Italia Serie CSedicesimi di finale Maggiori presenzeCampionato: Luisi, Malafronte (32) Miglior marcatoreCampionato: Bonfiglio (13) StadioSanta Colomba 1999-2000 2001-2002 Si invita a seguire il modello di voce Questa voce raccoglie le informazioni riguardanti il F...