Norges Varemesse er ei stifting (sjølveigande organisasjon), skipa i 1920 som ei foreining, med føremål å leggje til rette for og skipa til utstillingar, kongressar, konsertar, konferansar og liknande for næringslivets arrangørar og utstillarar. Stiftinga eig og driv eit stort utstillingssenter på Lillestrøm på Nedre Romerike og arenaen Oslo Spektrum i Oslo. I styret og rådet for stiftinga sit representantar for mellom anna Næringslivets Hovedorganisasjon, hovudorganisasjonen Virke, Innovasjon Norge, Norges Fiskarlag, Nærings- og handelsdepartementet og Norsk Landbrukssamvirke (dei bondeeigde samvirkeføretaka i Noreg).