Noregs Olympiske Museum er eit museum på Lillehammer som tek for seg historia om dei olympiske leikene både i antikken og i moderne tid. Museet har størst fokus på vinterleikane i Oslo i 1952 og Lillehammer i 1994. Olympiske høgdepunkt vert presenterte gjennom interaktive installasjonar, multimedia-presentasjonar og historier knytte til originale gjenstandar. I tillegg til den faste utstillinga. viser òg museet temporære utstillingar med tema knytte til idrettshistorie og sport. Paralympics og Ungdomene-OL har eigne seksjonar i museet.
’’Det nye OL-museet på Maihaugen, Lillehammer, har blitt en fantastisk gjennomgang av stolte norske olympiske øyeblikk og historie. Veldig hyggelig for meg å samle alle mine olympiske medaljer i denne historiske rammen. Man blir ydmyk av å bli vist frem blant alle disse norske storheter.
Museet var opphavleg organisert som ein privat stiftelse. I 2006 vart museet konsolidert med Maihaugen som innebar at Maihaugen fekk driftsansvar for museet og arbeidsgiveransvar for dei tilsette. I samband med konsolideringen endra stiftelsen namn til Noregs Olympiske Samlingar med styrerepresentantar frå Lillehammer kommune, Oppland fylkeskommune og Noregs Idrettsforbund og Olympiske komité.
Museet vert framleis marknadsført under namnet Noregs Olympiske Museum.