Skeid vart noregsmeister etter at dei vann over Fredrikstad med 2–1 den 27. oktober. Det måtte spelast ekstraomgangar for å kåre ein vinnar. Målskårarar for Skeid var Kai Sjøberg som skåra i det 50. minutt og Pål Sæthrang i det 118. minutt. For Fredrikstad skåra Terje Høili i det 19. minutt.
31 444 tilskodarar såg kampen som vart spelt på Ullevaal Stadion i Oslo. Dommar var Kåre Furulund. Dette var sjette gongen Skeid vann ein noregsmeisterskap.
Skeids vinnarlag: Kjell Kaspersen, Kjell Wangen, Frank Olafsen, Finn Thorsen, Finn Tøraasen,
Erik Mejlo, Terje Gulbrandsen, Bjørn Elvenes, Kai Sjøberg, Pål Sæthrang og Terje Kristoffersen. Finn Haglund, Jan Mathisen, Jan «Jonas» Gulbrandsen.
Fredrikstad FK mønstra målvakta Kai Henriksen, backane Kjell Andreassen og Per Martinsen, halfane Roar Johansen, Hans Jakob Mathisen, Rolf Olsen og løparrekka Bjørn Borgen, Per Kristoffersen, Terje Høili, Arne Pedersen (kaptein) og Jan Aas.
2. runde
3. runde
4. runde
Kvartfinalar
Semifinalar
Finale
Kjelder