Nitzanei Oz (hebraisk skrift נִצָּנֵי עֹז, ניצני עוז, tyder 'Spirer av styrke') er ein moshav sentralt i Israel. Han ligg på Sharonsletta nær Den grøne linja og Tulkarm og høyrer til Lev HaSharon regionale kommune. I 2006 hadde han 811 innbyggjarar.
Landsbyen vart grunnlagd i 1951 som ei Nahal-busetjing, før han vart omgjort til ein sivil moshav i 1958. Sidan han låg nær grensa til Jordan vart han råka av åtaket og infiltreringar av palestinarar fram til seksdagarskrigen i 1967.
Kjelder