Newtons rørslelover

Newtons første og andre lov, på latin, frå den originale Principia Mathematica frå 1687.

Newtons rørslelover er tre fysiske lover som i lag legg grunnlaget for klassisk mekanikk. Dei skildrar forholdet mellom ein lekam og kreftene som verkar på han, og rørsla desse kreftene skapar. Dei har vorte formulerte på mange måtar i løpet av dei nesten 300 åra sidan Isaac Newton først formulerte dei,[1] og kan oppsummerast som følgjer:

  1. Newtons første lov: Når resultanten av alle kreftene som verkar på ein gjenstand er lik null, er gjenstanden i ro eller i rørsle med konstant fart langs ei rett linje.[2][3]
  2. Newtons andre lov: Akselerasjonen til ein lekam er direkte proporsjonal til, og same retninga, som nettokrafta som verkar på lekamen og omvendt proporsjonal til massen til lekamen. Det vil sei at F = ma, der F er nettokrafta som verkar på lekamen, m er massen til lekamen og a er akselerasjonen til lekamen.
  3. Newtons tredje lov: Når ei kraft verkar ein lekam, verkar ei like stor og motsett retta kraft frå lekamen.

Dei tre lovene vart først nedskrivne av Isaac Newton i hans Philosophiæ Naturalis Principia Mathematica (Matematiske prinsipp i naturfilosofien), som først vart publisert i 1687.[4] Newton nytta dei til å forklare og undersøke rørsla til mange fysiske lekamar og system.[5]

Den newtonske mekanikken er i dag erstatta av spesiell relativitet, men er framleis nyttig som ei tilnærming når hastigheitene som er involvert er mykje mindre enn lysfarten.

Newtons første lov

Den første lova seier at når nettokrafta (vektorsummen av alle krefter som verkar på ein lekam) er lik null, så er hastigheita til lekamen konstant. Hastigheit er ein vektorstorleik som uttrykker både farten til lekamen og retninta gil rørsla. Derfor tyder lova at både farten og rørsal til lekamen er konstant.

Den første lova kan uttrykkast matematisk som

Det vil sei at

  • Ein lekam som ligg i ro vil halde seg i ro om ikkje lekamen vert utsett for ei ytre kraft.
  • Ein lekam i rørsle vil ikkje endre hastigheit (fart og retning) om ikkje lekamen vert utsett for ei ytre kraft.

Dette er kjend som uniform rørsle. Ein lekam held fram å gjere det han gjorde fram til han vert utsett for ei kraft.

Newton sette denne lova først for å opprette eit referansesystem som andre lover kunne verke innanfor. Den første rørslelova postulerer at det finst minst eit referansesystem kalla eit newtonsk system eller eit tregleikssystem der ein lekam som ikkje er utsett for krefter flyttar seg langs ei rett linje med konstant fart.[6][7] Den første lova til Newton vert ofte omtalt som tregleikslova. Eit naudsynt vulkår for den uniforme rørsla til ein lekam relativt til eit tregleikssystem er at den totale nettokrafta som verkar på lekamen er lik null.

Lovene til Newton er berre gyldig i eit tregleikssystem. Alle referansesystem som er i uniform rørsle med omsyn til eit tregleikssystem er òg tregleikssystem.[8]

Newtons andre lov

Den andre lova seier at nettokrafta på ein lekam er lik endringsraten (det vil sei den deriverte) til rørslemengda p i eit tregleikssystem:

Den andre lova kan òg uttrykkast i form av akselerasjonen til lekamen. Sidan lova berre gjeld for system med konstant masse,[9][10][11] kan ein setje massen utanfor derivasjonen ved hjelp av konstant faktor-reglene i derivasjon. Då får ein,

der F er nettokrafta som verkar, m er massen til lekamen, og a er akselerasjonen til lekamen. Nettokrafta som verkar skapar ein akselerasjon for lekamen. Med andre ord, om ein lekam akselererer, så vil det verke ei kraft på lekamen.

I samsvar med den første lova er den tidsderiverte av rørslemengda ulik null når rørslemengda endrar retning, sjølv om det ikkje er noko endring i storleiken, slik som i tilfelle med ei sirkelrørsle. Forholdet indikerer òg bevaring av rørslemengd. Når nettokrafta på ein lekam er lik null, er rørslemengda til lekamen konstant. Ei nettokraft er lik endringsraten av rørslemengda.

Masse som vert lagt til eller teke bort frå systemet vil skape ei endring i rørslemengda som ikkje kjem av ei ytre kraft. Ei differensiallikning er naudsynt for system med variabel masse.

Når ein omfattar spesiell relativitet er ikkje tilnærminga om at rørslemengda er produktet av kvilemassen og hastigheita nøyaktig lenger ved høg hastigheit.

Impuls

Ein impuls J oppstår når ei kraft F verkar over tidsintervallet Δt, og er gjeven av[12][13]

Sidan krafta er den tidsderiverte av rørslemengda følgjer det at

Dette forholdet mellom impuls og rørslemengd er nærare slik Newton sjølv formulerte den andre lova.[14]

Impuls er eit omgrep som ofte vert nytta i analysen av kollisjonar og støytar.[15]

System med variabel masse

System med variabel masse, som ein rakett som brenn brensel og sender ut gassar, er ikkje eit lukka system og kan ikkje direkte handsamast ved å la massen vere ein funksjon av tida i den andre lova;[10] altså er den følgjande formelen feil:[11]

Ein kan sjå at denne formelen er feil ved å merke seg at han ikkje tar omsyn til galileisk invarians: ein lekam med varierande masse med F = 0 i eit tregleikssystem vil sjå ut til å ha F ≠ 0 i eit anna system.[9]

Den korrekte likninga for rørsla til ein lekam med masse m som varierer med tida får ein ved å nytte den andre lova på det totale systemet som har konstant masse, systemet som inneheld både lekamen og massen som forsvinn/vert lagt til[9]

der u er den relative hastigheita til den forsvinnande eller innkommande massen i forhold til lekamen. Frå denne likninga kan ein finne Tsiolkovskij rakettlikning.

I somme høve vert storleiken u dm/dt å venstresida, kjend som drivkraft, definert som ei kraft (krafta lekamen utøver på den endrande massen, som utstrøyminga får ein rakett) og er inkludert i storleiken F. Set ein då inn definisjonen for akselerasjon vert likninga F = ma.

Newtons tredje lov

Den tredje lova seier at alle krefter finst i par: om ein lekam A utøver ei kraft FA på ein annan lekam B, så vil B samstundes utøve ei kraft FBA, og dei to kreftene er like store og motsett retta: FA = −FB.[16] Den tredje lova tyder at alle krefter er vekselverknader mellom forskjellige lekamar,[17][18] og dermed finst det ikkje noko slikt som ei kraft som berre verkar i ei retning, eller ei kraft som berre verkar på éin lekam. Denne lova vert stundom kalla handlings-reaksjonslova, der FA vert kalla «handlinga» og FB «reaksjonen». Handlinga og reaksjonen skjer samstundes, og det spelar inga rolle kva av dei som vert kalla handling og reaksjon, sidan begge er ein del av ein enkel vekselverknad, og ingen av dei eksisterer utan den andre.[16]

Dei to kreftene i Newtons tredje lov er av same type (t.d. om vegen utøver ei framoverretta friksjonskraft på akselererande bilhjul, så er det òg ei friksjonskraft frå hjula bakover på vegen). Ein person som går over eit golv pressar ned mot golvet, samstundes som golvet pressar attende mot personen.[19]

Kjelder

  1. Browne, Michael E. (1999-07). Schaum's outline of theory and problems of physics for engineering and science (Series: Schaum's Outline Series). McGraw-Hill Companies. s. 58. ISBN 978-0-07-008498-8. 
  2. Holzner, Steven (2005-12). Physics for Dummies. Wiley, John & Sons, Incorporated. s. 64. ISBN 978-0-7645-5433-9. 
  3. See the Principia on line at Andrew Motte Translation
  4. Andrew Motte translation of Newton's Principia (1687) Axioms or Laws of Motion
  5. Galili, I.; Tseitlin, M. (2003). «Newton's First Law: Text, Translations, Interpretations and Physics Education». Science & Education 12 (1): 45–73. Bibcode:2003Sc&Ed..12...45G. doi:10.1023/A:1022632600805. Arkivert frå originalen 2. april 2020. Henta 26. mai 2013. 
  6. NMJ Woodhouse (2003). Special relativity. London/Berlin: Springer. s. 6. ISBN 1-85233-426-6. 
  7. Thornton, Marion (2004). Classical dynamics of particles and systems (5th utg.). Brooks/Cole. s. 53. ISBN 0-534-40896-6. 
  8. 9,0 9,1 9,2 Plastino, Angel R.; Muzzio, Juan C. (1992). «On the use and abuse of Newton's second law for variable mass problems». Celestial Mechanics and Dynamical Astronomy (Netherlands: Kluwer Academic Publishers) 53 (3): 227–232. Bibcode:1992CeMDA..53..227P. ISSN 0923-2958. doi:10.1007/BF00052611.  "We may conclude emphasizing that Newton's second law is valid for constant mass only. When the mass varies due to accretion or ablation, [an alternate equation explicitly accounting for the changing mass] should be used."
  9. 10,0 10,1 Halliday; Resnick. Physics 1. s. 199. ISBN 0-471-03710-9. «It is important to note that we cannot derive a general expression for Newton's second law for variable mass systems by treating the mass in F = dP/dt = d(Mv) as a variable. [...] We can use F = dP/dt to analyze variable mass systems only if we apply it to an entire system of constant mass having parts among which there is an interchange of mass.»  [Emphasis as in the original]
  10. 11,0 11,1 Kleppner, Daniel; Robert Kolenkow (1973). An Introduction to Mechanics. McGraw-Hill. s. 133–134. ISBN 0-07-035048-5. «Recall that F = dP/dt was established for a system composed of a certain set of particles[. ... I]t is essential to deal with the same set of particles throughout the time interval[. ...] Consequently, the mass of the system can not change during the time of interest.» 
  11. Hannah, J, Hillier, M J, Applied Mechanics, p221, Pitman Paperbacks, 1971
  12. Raymond A. Serway, Jerry S. Faughn (2006). College Physics. Pacific Grove CA: Thompson-Brooks/Cole. s. 161. ISBN 0-534-99724-4. 
  13. I Bernard Cohen (Peter M. Harman & Alan E. Shapiro, Eds) (2002). The investigation of difficult things: essays on Newton and the history of the exact sciences in honour of D.T. Whiteside. Cambridge UK: Cambridge University Press. s. 353. ISBN 0-521-89266-X. 
  14. WJ Stronge (2004). Impact mechanics. Cambridge UK: Cambridge University Press. s. 12 ff. ISBN 0-521-60289-0. 
  15. 16,0 16,1 Resnick; Halliday; Krane (1992). Physics, Volume 1 (4th utg.). s. 83. 
  16. C Hellingman (1992). «Newton’s third law revisited». Phys. Educ. 27 (2): 112–115. Bibcode:1992PhyEd..27..112H. doi:10.1088/0031-9120/27/2/011. «Quoting Newton in the Principia: It is not one action by which the Sun attracts Jupiter, and another by which Jupiter attracts the Sun; but it is one action by which the Sun and Jupiter mutually endeavour to come nearer together.» 
  17. Resnick and Halliday (1977). «Physics» (Third utg.). John Wiley & Sons. s. 78–79. «Any single force is only one aspect of a mutual interaction between two bodies.» 
  18. Hewitt (2006), p. 75

Bakgrunnsstoff

Read other articles:

Miracle in MilanPoster bioskopSutradaraVittorio De SicaProduserVittorio De SicaSkenarioCesare ZavattiniVittorio De SicaSuso Cecchi d'AmicoMario ChiariAdolfo FranciCeritaCesare ZavattiniPemeranEmma GramaticaFrancesco GolisanoPenata musikAlessandro CicogniniSinematograferAldo GraziatiPenyuntingEraldo Da RomaDistributorJoseph Burstyn Inc. (US)Criterion Collection (DVD)Tanggal rilis 8 Februari 1951 (1951-02-08) (Italy) Durasi100 menitNegaraItaliaBahasaItaliaMilan Miracle in Milan (...

 

 

Untuk kegunaan lain, lihat Cheng Ho (disambiguasi). Cheng HoPatung dari monumen modern Cheng Ho di Museum Kembar di Kota Malaka, MalaysiaLahir1371[1]Kemnyan, Kunming, Yunnan, China[1]Meninggal1433 – 1371; umur -63–-62 tahun atau 1435 – 1371; umur -65–-64 tahunNama lainMa He Ma SanbaoPekerjaanLaksamana kerajaan, diplomat, Penjelajah, Kasim istanaZamanDinasti Ming Lukisan yang menggambarkan Cheng Ho Laksmana Cheng Ho[2] atau Zheng H...

 

 

Kampanye militer Tang terhadap KarasahrBagian dari Kampanye militer Kaisar Taizong terhadap negara-negara XiyuPeta dari penyerbuan negara-negara oasis di Cekungan Tarim termasuk terhadap KarasahrTanggal644 dan 648LokasiCekungan TarimHasil Kemenangan Tang Karasahr dikuasai Garnisun militer Tang didirikan di Karasahr Kaum loyalis Tang diangkat menjadi pemerintah dan penguasaan Tang terhadap Karasahr didirikan kembali Pengaruh Indo-Eropa dan Tokharia di Asia Tengah menurunPihak terlibat Dinasti ...

Génocide cambodgien Crânes de victimes des khmers rouges. Date 17 avril 1975 – 7 janvier 1979 (3 ans, 8 mois, 20 jours) Lieu Kampuchéa démocratique Victimes Anciens dirigeants militaires et politiques du Cambodge, chefs d'entreprise, journalistes, étudiants, médecins, avocats, intellectuels, Chams, Cambodgiens chinois, Cambodgiens thaïlandais, Cambodgiens vietnamiens, bouddhistes, musulmans, chrétiens. Type Génocide, classicide, politicide, nettoyage ethnique, exécution extrajudi...

 

 

American politician (1929–2014) Michael L. StrangMember of the U.S. House of Representativesfrom Colorado's 3rd districtIn officeJanuary 3, 1985 – January 3, 1987Preceded byRay KogovsekSucceeded byBen Nighthorse CampbellMember of the Colorado House of RepresentativesIn office1971–1975Preceded byJohn D. VanderhoofSucceeded byNancy E. Dick Personal detailsBorn(1929-06-17)June 17, 1929New Hope, PennsylvaniaDiedJanuary 12, 2014(2014-01-12) (aged 84)Carbondale, Colo...

 

 

Congolese-American basketball player Dikembe and Mutombo redirect here. For other uses, see Dikembe (disambiguation) and Mutombo (name). Dikembe MutomboMutombo in 2012Personal informationBorn (1966-06-25) June 25, 1966 (age 57)Kinshasa, Congo-KinshasaNationalityCongolese / AmericanListed height7 ft 2 in (2.18 m)Listed weight260 lb (118 kg)[1]Career informationHigh schoolInstitute Boboto (Kinshasa, DR Congo)CollegeGeorgetown (1988–1991)NBA draft1991: 1st...

British naval officer William Henry SmythSmyth, as depicted in his The Sailor's Word-BookBorn(1788-01-21)21 January 1788Westminster, LondonDied8 September 1865(1865-09-08) (aged 77)Stone, BuckinghamshireBuriedStone, BuckinghamshireAllegianceUnited KingdomService/branchRoyal NavyYears of service1804–1846RankAdmiralCommands held Gunboat Mors aut Gloria HMS Scylla HMS Aid (later Adventure) Battles/warsNapoleonic Wars Walcheren Campaign Siege of Cádiz AwardsOrder of Saint F...

 

 

Christmas-time cocktail in the United States Tom and JerryCocktailA Tom & Jerry cocktailTypeCocktailServedHot in a mug or bowlStandard drinkware MugCommonly used ingredientsEggs or egg whites, powdered sugar, brandy, rumPreparationSeparate eggs. Beat egg whites until stiff. Mix egg yolks with powdered sugar. Put a spoonful of yolk mixture in cup, and mix with brandy and rum. Fold in some egg white, then add hot milk and top with more egg white. Stir gently to fold in the egg white. Top wi...

 

 

Association football club in Uruguay Football clubDeportivo MaldonadoFull nameClub Deportivo MaldonadoNickname(s)El Depor Verdirrojo Rojiverde BatacazoFoundedAugust 25, 1928; 95 years ago (1928-08-25)GroundEstadio Domingo Burgueño, Maldonado, UruguayCapacity22,000ChairmanMalcolm CaineManagerJoaquín BoghossianLeaguePrimera División2023Primera División, 12th of 16WebsiteClub website Home colours Away colours Club Deportivo Maldonado is a football club from Maldonado, Urugu...

Sport in a geographic region Boxing in the United StatesFloyd Mayweather vs Juan Manuel Marquez at the MGM Grand Garden Arena in Paradise, Nevada, on September 19, 2009.CountryUnited StatesGoverning bodyUSA BoxingNational team(s)United States Olympics teamInternational competitions AIBA World Boxing ChampionshipsSummer Olympics The origins of Boxing in the United States can be traced as far back as the 19th century.[1][2] Boxing, as, a form of martial art and solo sport, has b...

 

 

State park in Santa Cruz County, California, United States Big Basin redirects here. For the Kansas nature preserve, see Big Basin Prairie Preserve. Big Basin Redwoods State ParkIUCN category V (protected landscape/seascape)Lush coast redwood forest of Big BasinShow map of CaliforniaShow map of the United StatesLocationSanta Cruz County, California, United StatesNearest citySanta Cruz, CaliforniaCoordinates37°10′21″N 122°13′21″W / 37.17250°N 122.22250°W...

 

 

Rajendra Chola di Battle, Kolaramma Temple, Kolar.[1] Rajendra Chola I (Tamil: முதலாம் இராஜேந்திர சோழன்) adalah putra Rajaraja Chola I, raja Chola yang terletak di India selatan. Dia menjadi raja Chola pada tahun 1014. Selama kekuasaannya, Dia memperluas kekuasaan Chola ke tepi sungai Gangga di utara. Wilayah Rajendra mencapai Burma, Kepulauan Andaman dan Nikobar, Lakshadweep, Maladewa, menaklukan Sriwijaya (Sumatra dan Semenanjung Malay...

1912 book by Hilaire Belloc The Servile State A copy of the original issuing of The Servile State, first published in 1912AuthorHilaire BellocLanguageEnglishSubjectpolitical economy, capitalism, distributism, socialism, history of economics, history of EuropePublisherT. N. FoulisPublication date1912Pages133ISBN9780692282489 The Servile State is a 1912 economic and political treatise by Hilaire Belloc. It serves primarily as a history of capitalism, a critique of both capitalism and socialism,...

 

 

Догма́тика — раздел богословия, в котором даётся систематизированное изложение догматов (положений) какой-либо религии. Систему догматов имеют христианство, ислам, буддизм и другие религии. Часто догматика выражается кратко письменно в виде официального вероиспове�...

 

 

This article has multiple issues. Please help improve it or discuss these issues on the talk page. (Learn how and when to remove these template messages) This article relies largely or entirely on a single source. Relevant discussion may be found on the talk page. Please help improve this article by introducing citations to additional sources.Find sources: Fairmile Marine – news · newspapers · books · scholar · JSTOR (December 2019) This article needs ...

Greek rock band Pyx LaxBackground informationOriginAthens, GreeceGenresRockYears active1989–2004, 2011, 2018–LabelsMinos EMI Panik RecordsMembersFilippos PliatsikasBabis StokasManos Xydous Pyx Lax (Greek: Πυξ Λαξ, meaning punching and kicking) is a Greek rock band. Originally formed in 1989, they released their first recording in 1990, and had a critical and commercial success in the Greek music industry for fifteen years, before being dissolved in 2004. They reunited in 2011 for a ...

 

 

Si ce bandeau n'est plus pertinent, retirez-le. Cliquez ici pour en savoir plus. Cet article ne cite pas suffisamment ses sources (février 2023). Si vous disposez d'ouvrages ou d'articles de référence ou si vous connaissez des sites web de qualité traitant du thème abordé ici, merci de compléter l'article en donnant les références utiles à sa vérifiabilité et en les liant à la section « Notes et références ». En pratique : Quelles sources sont attendues ?...

 

 

Voce principale: Foot Ball Club Unione Venezia. A.C. VeneziaStagione 2003-2004Sport calcio Squadra Venezia Allenatore Angelo Gregucci Presidente Francesco Dal Cin (Amministratore unico) Serie B20º posto Coppa ItaliaOttavi di finale Maggiori presenzeCampionato: Anderson (42) Miglior marcatoreCampionato: Biancolino e Poggi (6 reti) StadioStadio Pierluigi Penzo 2002-2003 2004-2005 Si invita a seguire il modello di voce Questa pagina raccoglie le informazioni riguardanti l'Associazione Cal...

Commune in Occitania, FranceAssacCommune Coat of armsLocation of Assac AssacShow map of FranceAssacShow map of OccitanieCoordinates: 43°58′34″N 2°26′25″E / 43.9761°N 2.4403°E / 43.9761; 2.4403CountryFranceRegionOccitaniaDepartmentTarnArrondissementAlbiCantonCarmaux-1 Le SégalaIntercommunalityCC Val 81Government • Mayor (2020–2026) Myriam Vigroux[1]Area115.06 km2 (5.81 sq mi)Population (2021)[2]148 ...

 

 

Pour les articles homonymes, voir Santander. Cet article est une ébauche concernant la Colombie. Vous pouvez partager vos connaissances en l’améliorant (comment ?) les recommandations du Projet:Colombie. Santander Blason Drapeau Administration Pays Colombie Capitale Bucaramanga Gouverneur Mauricio Aguilar Démographie Gentilé santandereano(a) Population 1 913 444 hab.[1] (2005) Densité 63 hab./km2 Géographie Coordonnées 6° 40′ nord, 73° 27�...