Neem eller nim (Azadirachta indica) er eit eviggrønttre i mahognifamilien (Meliaceae). Det stammar frå Sør-Asia og veks i tropisk og halvtropisk klima. Det blir brukt til å laga neemolje som har ei rekkje bruksområde innan medisin, kosmetikk og som insektsmiddel. Det er svært motstandsdyktig mot tørke og skadedyr, og kan også opptre som ein invasiv art rekna som ugras på stader det er blitt innført til.
Skildring
Neem kan bli 15 meter høgt, og veks raskt. Det har grov, gråfarga bork. Greinene er lange og breier seg vidt ut frå stammen.
Trekrona på frittståande tre kan nå ein diameter på 15–20 meter. Dei finnete, motsette blada blir rundt 30 lange og har 8-19 sagtakka småblad. Neem er eviggrønt, men kan mista mesteparten av blada sine ved sterk tørke.
Blomane er gulkvite, velluktande og små og sit i klasar. Fruktene er gule og inneheld eitt oljerikt frø kvar.
På utsjånad kan neem minna om ein nær slektning, paternostertre (Melia azedarach).
Treet er kjend for å tola lite vatn. Det trivst i område med årlege nedbørsmengder rundt 400-1200 mm. Treet kan klara seg med mindre nedbør, men er då avhengig av grunnvatn. Neem kan veksa i fleire ulike jordsmonn, men veks best i sandete, veldrenert jord. Det er motstandsdyktig mot skadedyr og sjukdommar.
Bruk
Neemtre blir planta for å gje skugge i tørre område der mange andre vekstar kan ha vanskar med å veksa.
Unge skot og blomar av treet blir brukt som grønsak i indisk mat, til dømes som suppe (veppampoo rasam) i Tamil Nadu, forrett av steikte blomar (nim begun) i Vest-Bengal.[1] I Burma koker ein dei neemblomane saman med tamarind for å gjera dei mindre bitre. Ein kan også sylta neemblad til pickle.
Neem blir brukt innan tradisjonell indisk (ayurveda) og muslimsk (unani) lækjekunst og er rekna for å hemma betennelsar, senka feber, drepa parasittar, lækja sår, reinska blod, senka blodtrykk og blodsukkernivå og anna. Han er også blitt brukt til å hindra befruktning. Planten blir brukt mot ei rekkje hudplager, som utslett, eksem, psoriasis, kviser og ulike hudinfeksjonar.
Neemolje blir brukt til kosmetikkprodukt som såpe, sjampo, tannkrem og ulike salvar og kremar. Det finst lang tradisjon for å bruka unge greiner frå treet til å pussa tennene og tunga med.[2][3] Ein studie har vist at neem er like effektivt som tannkost til å redusera plakk og gingivitt.[4][5] Neemblad kan brukast til ansiktsmaske.
Ein bruker uttrekk av neem som sprøytemiddel mot insekt. Borken av treet blir brukt til å laga tau i landsbyar i India.