Nahr al-Kalb heitte i antikken Lycus[1]
eller Lykos, gresk for 'ulv'.[2] Ein avtale frå 1200-talet fvt. konkluderer med at Ramses II sette Nahr al-Kalb som grensa mellom Egypt og områda til hetittane.
I 1946 vart det reist eit monument her som feira sjølvstendet til Libanon, som kom i 1943. I 2000 prøvde libanesiske demonstrantar, mellom dei den tidlegare generalen og politikaren Michel Aoun, å reise to nye monument, eit som markerte at israelske soldatar forlét Libanon, og det andre for den venta tilbaketrekkinga av syriske styrkar.