Myrski vart før i tida nytta for å ikkje søkka for mykje nedi når ein gjekk på myr, som til dømes når ein dreiv med myrslått. Det er kjend at dei vart nytta i Österbotten[1], Norrbotten[2] og Värmland[3]. Dei var som oftast laga av bjørk eller or. For at dei ikkje skulle vera for tunge og for at dei skulle vera lettare å bruka når ein gjekk og trampa i vatn var det vanlegvis opningar i veden i endane.