Mount Markham er eit fjellmassiv med to toppar oppom nordenden av Markham Plateau i Antarktis. Den høgaste toppen har ei høgd på 4350 moh og den lågare er 4280 moh.[2] Det vart oppdaga av Discovery-ekspedisjonen (1901–04) og er kalla opp etter sir Clements Markham, som var president i Royal Geographical Society under ekspedisjonsplanlegginga og som valde Robert Falcon Scott som leiar av ekspedisjonen.[3]
Kjelder