Mount Globus er eit fjell, 1270 moh, mellom Fanning Ridge og Mount Corneliussen ved vestenden av Allardyce Range på Sør-Georgia. Det vart kartlagd av South Georgia Survey i perioden 1951–57, og vart namngjeven av UK Antarctic Place-Names Committee etter Hvalfangerselskapet Globus A/S, eit norsk kvalfangstselskap skipa i 1924. Dei var dei første til å nytte ein plan Petter Sørlle hadde laga for å handsame kval på eit kvalkokeri tilpassa med ein bedding.[1]
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Globus, Mount» (innhald frå Geographic Names Information System).